Du er ein kompressor

Lørdagskommentaren i Trønder-Avisa, 24/4-21.

For å unngå hovne føter måtte eg som høggravid bruke trykkstrømper på flyet. Ein treng ein kompressor når det er fare for stillstand i sirkulasjonen. Eg føretrekker elv og fjord framfor blikkstilt skogsvatn av same grunn: dei er opne. Dei sirkulerer. 

Fortsett å lese «Du er ein kompressor»

It takes a village

Lørdagskommentaren i Trønder-Avisa, 27/2-21.

Det trengs ein landsby for å oppdra eit barn, heiter det i eit afrikansk ordtak. Eg fanga det opp da eg hadde barn i barnehagen, mottoet stod prenta på alle brevark. Skuldrane mine senka seg nokre millimeter kvar gong eg fanga det opp. I love you, Africa, som har skjønt dette, tenkte eg og tok det til mitt bryst. Sidan har eg prøvd å ikkje glømme det … så kom koronaen og gjorde uttrykket meir krystallklart enn nokon gong.

Fortsett å lese «It takes a village»

Vareopptelling

Lørdagskommentaren i Trønder-Avisa, 9/1-21.

Alle eg kjenner strekte seg for andre før jul. Å gi av seg sjølv vart ikkje like lett med koronaen og den lange nærgrensa. Dette førte til at mange fann nye måtar å strekke seg på og gi på. Barnekoret i bygda mi tilbydde til dømes fire konsertar i staden for éin. Så mens handlingsrommet har vorte mindre (som snøen) ser det ut til at nestekjærleiken har vorte større (som nissane ved husa).

Fortsett å lese «Vareopptelling»

Kven er annleis – du eller eg?

Sidan 2016 har eg hatt eit uttrykk på hjernen. På radioen spurte reporteren intervjuobjektet: «Når skjønte du at du var annleis?» Eg hører lett om ein melodi går i dur eller moll, men ikkje alltid om ord og uttrykk gjer det. Annleis-uttrykket er eitt eksempel. Boka mi Jakob og Neikob og Alle Andre er direkte inspirert av reporterens formulering. Neikob får høre at han er annleis og bør bli som alle andre. Eg trudde eg fekk parkert engasjementet mitt da boka var ute, men nei. Eg hører uttrykket brukt ofte og overalt. Når folk blir omtalt som annleis vrir det seg i magen. 

Fortsett å lese «Kven er annleis – du eller eg?»

Må det være kunst, da?

Innlegg i Trønder-Avisa, 25/6-20.

Det står en soldatfigur ved en av kulturkommunen Inderøy sine tyngste attraksjoner, Hustad kirke. Figuren henspiller til den engelske soldaten Tom Fowler, som kjempet mot tyskerne på Sandvollan i starten av andre verdenskrig. Soldatfiguren har skapt debatt og vekket sterke følelser blant mange.

Det er det flere grunner til. En av dem handler om plasseringa av soldatfiguren, en annen handler om den estetiske sida ved den. Det formelle og juridiske skal etter det vi leser i Trønder-Avisa være fulgt riktig opp. De partene som kan godkjenne prosess og produkt har godkjent. Når det gjelder å reise et minnesmerke i nærheten av ei kirke, er det gjort mange ganger før, og det er en relevans der med tanke på å kjempe for verdier, liv og land.

Alt har vært godkjent. Likevel stilner ikke debatten. Den virvler seg opp. Den har blitt hissig og svært følelsesladd. Hvorfor?

Fortsett å lese «Må det være kunst, da?»