Passe happy

Illustrert barneroman, utgitt på Samlaget januar-21.

Boka handlar om Juri som er 12 år og kjenner seg usikker på absolutt alt. Han prøver å finne ut av seg sjølv, kjærleiken, fotballen, og kor langt tunga skal inn i eit kyss før ein ikkje får puste. For Sofi er så fin at Juri mistar pusten. Men Juri vil sjølvsagt ikkje døy. Han skulle ynskje at alt var som før. At pappa ikkje måtte flytte. At bestevenninna Evy ikkje blei så rar. Kvifor har han så mange kjensler? No snurrar jordkloden så altfor fort. Om han berre kunne stått litt meir i ro.

Boka har fått god anmeldelse i blant anna Klassekampen der Jonas Bals skriv «Stai skriver om følelser jeg nesten hadde glemt». Og «Kari Stai skriver om det med varme og humor, i korthugde setninger som får noen av sidene til å minne om et langdikt, mange av dem vakkert illustrert av forfatteren selv. På overraskende kort tid klarer hun å etablere et troverdig og ekte univers».

Boka er seld til det danske forlaget Straarup & co.