Vareopptelling

Lørdagskommentaren i Trønder-Avisa, 9/1-21.

Alle eg kjenner strekte seg for andre før jul. Å gi av seg sjølv vart ikkje like lett med koronaen og den lange nærgrensa. Dette førte til at mange fann nye måtar å strekke seg på og gi på. Barnekoret i bygda mi tilbydde til dømes fire konsertar i staden for éin. Så mens handlingsrommet har vorte mindre (som snøen) ser det ut til at nestekjærleiken har vorte større (som nissane ved husa).

Vi vaksne har kanalar for å få fram korleis vi har strekt oss. Vi postar sjølvhogde juletre på SoMe, og kan ytre kor langt vi har strekt oss på jobben før ferien. Barnet har ikkje desse kanalane, men det har stilt kl. 07.00 i barnehagen og lært seg vers, det har sett og lytta til sidemannen i klasserommet som har hatt ei utfordring, og bidratt når det har vore knute på tråden i ballbingen. Barn har sett den som sit åleine på benken, og brydd seg om stemninga i huset når dei kom heim att. Det er full jobb å vere barn. Dei yter omsorg og er tannhjul i samfunnsmaskineriet. Storleiken på tannhjulet er faktisk heilt uvesentleg. I året som har gått har også barna vore ein del av den krevjande nasjonale dugnaden. Derfor var det merkeleg at statsministeren ikkje nemnte dei minste med eit einaste ord i nyttårsstalen sin, som skal vere både ein takk og ein motivasjon. Kongen derimot, inkluderte dei naturleg som viktige samfunnsaktørar.

Å synge Deilig er jorden denne jula vart noko heilt spesielt. Nidarosdomen si TV-overførte julegudsteneste tok dette på alvor ved å invitere heile folket med på å synge den kjære songen saman med dei. Eit godt initiativ, og ein viktig invitasjon i eit krevjande år. Alt den 12. desember kringkasta Adresseavisa dette: «Klokken 17.00 julaften skal hele Norge synge julen inn fra Nidarosdomen». Biskop Herborg Finnset og statsråd Linda Hofstad Helleland promoterte dette spesielle og fine som skulle skje til slutt i TV-sendinga. Nidarosdomens gutekor, ei tilmålt 50 personars forsamling og domkantor Petra Bjørkhaug sette ramma frå første tone. Vi tok del i det spesielle augeblikket frå stua vår. Liten og stor retta ryggane og reinska strupane, og minstemann reiste seg opp og var klar for å supplere med ein nyleg innøvd diskantstemme på siste vers.

Men siste vers kom ikkje. For midt i andre vers kutta NRK sendinga. Heldigvis slo røykvarslaren vår ut i same augeblikk grunna intens julemiddagslaging, noko som tok merksemda bort frå den akutte skuffelsa over å bli snytt for denne fellesskapsopplevinga. Dette som skulle styrke oss, samle oss, i eit sistevers som set eit utropsteikn for fred over jorden og er eit bønnerop om tider som skal kome – korleis kunne NRK kutte der når mange sit einsame omkring i heimane og treng fellesskapsgnist? Hadde dei kutta i ein landskamp som hadde ekstraomgangar på overtid? Det ville vore utenkeleg. Det ville blitt ramaskrik. Deilig er jorden er meir enn ein song. Det er ei lovprising, eit utrop, eit fellesskap. Songen vekker motivasjonen i oss, rører ved eit ansvar i oss, og styrkar trua på at vi ikkje er åleine. Den minner oss om at vi alle er ein del av historia og eit ledd i generasjonane. At verda må spele på lag, og at det er det vi alle vil.

Barna har strekt seg i året som har gått. Ungdommane. Helsearbeidarar. Besteforeldre. Søsken. Lærarar. Ja, alle yrkesgrupper. Frivillige. Alle som slit. Vi strekker oss, men føler oss utilstrekkelege. Da kunne NRK også strekt seg eit par minutt lenger, og gitt oss eit sistevers som kunne ha styrka oss litt ekstra når vi no mobiliserer til eit nytt krafttak i den forhåpentlegvis siste bølga med smitte.