Kven er annleis – du eller eg?

Sidan 2016 har eg hatt eit uttrykk på hjernen. På radioen spurte reporteren intervjuobjektet: «Når skjønte du at du var annleis?» Eg hører lett om ein melodi går i dur eller moll, men ikkje alltid om ord og uttrykk gjer det. Annleis-uttrykket er eitt eksempel. Boka mi Jakob og Neikob og Alle Andre er direkte inspirert av reporterens formulering. Neikob får høre at han er annleis og bør bli som alle andre. Eg trudde eg fekk parkert engasjementet mitt da boka var ute, men nei. Eg hører uttrykket brukt ofte og overalt. Når folk blir omtalt som annleis vrir det seg i magen. 

Annleis enn er eit målingsuttrykk der x settast opp mot y, men det brukast i dag ofte lausrive som eit adjektiv. Å seie at x er annleis er ein halv påstand. Det må nødvendigvis vere ein part til der, ein part x er annleis enn, elles får ikkje ytringa innhald. Da Anne Grete Preus døde, vart ho av ein kollega hylla slik: «Ho var annleis». Enn kven? Deg, meg, nordmenn, damer, artistar? Slike ufullførte ytringar blir hengande att i lufta. Eg reagerte også på overskrifta da Victor Sotberg nyleg vart kåra til Steinkjer-ambassadør: «Anerkjennelse av annerledeshet». Kva gjer han til ein annleis person? Kunne han ikkje fått prisen fordi han er ein dyktig mann som gjer ein god jobb? Om vi ikkje brukte uttrykket annleis, kva for anna ord ville vi brukt?

Vi har til og med gjort ei substantiv ut av det, vi snakkar om annleisheita vår. Eg er redd bruken av uttrykket vitnar om eit behov for å poengtere forskjellar. Å definere t.d. homofili som noko annleis vitnar ikkje om eit inkluderande samfunn. Mange bruker ordet med god intensjon og siktar til personens mot og tryggheit til å vere seg sjølv. Men folk er delt i to her, eg har sjekka. Nokre meiner uttrykket er positivt, andre negativt. Maks grobotn for misforståing altså. Du eller eg, kven er annleis? Du er annleis enn meg, men eg er jo like annleis frå deg. Når vi set to standardar opp mot kvarandre vil vi automatisk plassere i hierarki. Det er problematisk når vi har med menneske å gjere.

Språket definerer tankane våre. Orda er ryddekasser. Klokelig har vi bytta ut dverg, helsesøster og neger med nye ord. Vi må einast om kva orda betyr. Via språket har vi alle definisjonsmakt. Det gir eit stort ansvar. Synonym til annleis er avvikande. Uttrykket er umulig å bruke utan å sette folk i bås. Å hevde at nokon er annleis er det same som å seie du vik frå normalen. Mange hevdar normalen no er stor, så korfor bruker vi annleis-uttrykket da? Eg har høyrt at mange kjente seg annleis da dei var små. Handlar ikkje dette heller om at vi alle har kjent på individualiteten vår? 

Nokre seier dei har god bruk for uttrykket. Ei mor sa «det var ein måte å forklare korfor barnet vart mobba. Ved å seie at det var fordi det var annleis fekk smerten eit namn og ein avstand som vart nødvendig. Utan dette ordet må vi relatere til smerten på anna vis, og det er det ikkje sikkert vi orkar. Ordet annleis lar oss ta kontroll på historia om oss sjølve».

Her var intensjonen god. Likevel fortset magekjensla mi å jamre seg, eg synest det er noko trist over at barnet fekk denne forklaringa. Kor bra er den for sjølvkjensla på sikt? Barn lærer grenser av vaksne, også dei språklege. Dei kategoriserer for å forstå ting. Men blir det ikkje for enkelt å seie «Per er annleis» eller «muslimar er annleis»?

Dette handlar om definisjonsmakt. Viss vi seier at x er annleis definerer vi x si åtferd som unormal og y sin som normal. Men kven er y? Alle andre? Og kva med z, p og q? Annleis-uttrykket skaper distanse og er ikkje-inkluderande. Det skaper eit oss og eit dei, og set personar i bås. Lat oss kaste uttrykket i do. Og trekke opp.