Vi sit på gjerdet og dinglar med beina. Vi har god tid. Gjer ingenting forhasta, det gjeld å puste med magen. Det er naivt å tru at det berre er å hente barn. Det er ikkje berre å hente den sorten.
Å vere på leir er som eit lite eventyr. Ein får utfordra seg – og det er spesielt sunt for barn. Å måtte utsettast for livet alt frå starten, og ta nokre turar utanfor komfortsona si, det har ein igjen for på sikt. Vaksne undervurderer barn, vi har vorte ein gjeng curlingforeldre. Om vi berre klarte å halde litt avstand så barna fekk sjansen til å prøve seg.
Vi hentar dei iallfall ikkje enno. Henting er krevjande. Ein må både fram og tilbake, og det blir alltid mykje jammer på vegen. Dessutan driv vi og hjelper barna allereie, med å legge ein grundig gjennomtenkt plan. Planer kan ein ikkje ta lett på. Politikarane har stått på hardt for å tenke ut ein strategi. Den går ut på å skulle hjelpe barna der dei er. Da slepp dei å reise meir også. Og pakking er slitsamt. Det er best å hjelpe dei der dei er, på deira premissar, i telt og i skur blant overgreparar og epidemiane i gjørma – i deira kjente miljø. På deira heimebane.
Men, det er eit men her. Barna er ikkje heime. Da gjer dei det ikkje særleg lett for oss. Dei går omkring og er både adresselause og nyttelause, dei går ikkje på skole ein gong. Dei gjer absolutt ingenting. Dei ter seg som om dei ikkje er ein del av jordas befolkning. Nokre hevdar til og med at dei er i helvete.
Hellas tenkte ikkje på dette med å hjelpe dei der dei er. Så no sit dei der med leiren i fanget. Vi ser folk som bur ved sida av leiren lempe gode måltid over gjerdet, og klede. Sjølv om dei veit at det kryr av kriminelle der inne. Grekarane er visst så blindt sjarmerte av desse barna. Dei ganske enkelt pøser på med nestekjærleik. Utan måtehald. Og da den kan ha ein tendens til å smitte og spreie seg, lurer eg: Har ikkje grekarane høyrt om grensesetting?
Barn er grenselause. Det var neppe dei som laga landegrensene, for å seie det sånn. Vi vaksne må fortsette å vere gode førebilete om barna skal lære å sette grenser sjølv. Lar vi dei krysse grensa vår no, så er mange år med nøye planlegging bortkasta. Vi kan ikkje forhaste oss no.
Når det er sagt, skal den norske regjeringa vere like ved å stille seg villige til å hente nokre barn. Snart. Men så mykje som vi alt har gjort, er det rett om nokon andre land kan stikke og hente det første lasset. Om berre ein 8–10 land gjer det først, kan vi følge på. Den som har studert haren i eit friidrettsløp forstår kor mykje energi det krev å springe først. Om det er tomt for barn når det blir vår tur kan vi ta på oss arbeidet med å plukke tomflasker og slikt. Nokon må gjere ryddearbeidet også. Men da skal vi ha panten.

Forresten, vi treng ikkje lenger frykte for å vere det første landet som hentar. Hellas tok jo som sagt den plassen, fordi dei var for seine til å forstå at dei burde hjelpe folk der dei er før alle plutselig stod der, midt i stua. Og så har forresten Tyskland og Luxemburg tatt imot 65 stykk – over to skoleklassar! Alle vi som har vore lærarvikar veit kor mange barn det er.
Alle veit at ungar er krevjande. Særleg slike som er fulle av drømmar og håp for framtida, dei er ikkje gratis. Slike vil oljepengane våre få merke, for å seie det sånn. Men om vi berre har tålmod og fortset med å vente, vil barndommane gå over av seg sjølv. Da gjer vi faktisk lurt i å sitte på gjerdet litt lenger.
Noreg har alt gjort mykje. Eller faktisk mest, seier landsmoder Erna. Ho snakkar om å legge til rette for at barna snart skal få oppgradere til ein betre leir, med tak og greier. Det er godt tenkt, da slepp dei å gå glipp av leirlivet. Det kan jo føre til stabilitet og framtidsvisjonar. Sylvi Listhaug har sagt at ho fryktar for barna. Det er varmt sagt. Ho veit kva ho snakkar om, for ho har vore der nede og sett sjølv. Men vent, det var visst ikkje dei barna ho meinte, men sine eigne. Ho fryktar for alle dei stakkars barna i Noreg som stadig blir utsett for å måtte blande seg med barn som innvandrar hit. Og i tillegg forstår ho ikkje at ingen andre fryktar for det same. Men det treng ho ikkje uroe seg for. Det er nemleg fleire som slit med desse bekymringane, så Listhaug slepp å sitte åleine i den båten.
Skjerpe oss, vi? Bli grenselause – som barna? Dei sit da også og dinglar med beina sine. Dei gjer absolutt ingenting inne i denne leiren. Kva? Jobbar dei dag og natt for å overleve, seier du? Bortkasta energi. Vi kjem ikkje uansett. Ikkje enno. Det er grunnar til at grenser finst. Dei er der for å halde seg innanfor. No er det sommarferie også, den treng vi for å lade batteria til nye vurderingsprosessar. Viss ikkje kan vi bli utbrente og stå i fare for å miste engasjementet vårt, og all denne mellommenneskelige kjærleiken i oss. Det gjeld å lade batteria om det plutseleg ein dag skulle stå ein skokk med snørrungar i døra.