«Som eit barn» – katalogtekst for Nils Aas Kunstverksted

Hausten 2019 viste Nils Aas Kunstverksted utstillinga Barndom, med Nils Aas skulptur og teikning. I samband med dette skreiv eg ein tekst til utstillingskatalogen. Du kan lese den her.

Som eit barn

Ein trør inn i Nils Aas Kunstverksted på eit hjørne på bakkeplan. Ikkje opp ei steintrapp og inn på eksklusive golv, som på museum og flotte galleri. For det er ikkje det det er. Det er ein verkstad.

Dørene er opne for barna på grunn av verkstaden som er der inne. Nettopp det var Nils Aas sitt viktigaste premiss for lokalet, at det ikkje vart reist som eit museum eller eit galleri. Det måtte bli ein skapande møteplass for barn og ungdom. Så tydeleg vart det faktisk sagt frå han, at vart det ikkje ein verkstad, vart det ikkje noko. Det seier mykje om kva for menneske Nils Aas var. Det seier at han var eit audmjukt og jorda menneske. Og denne sorten er slike som eg meiner har barnet levande med inni seg. Ut i frå kvaliteten og statusen hans som internasjonal kunstnar, kunne lokalet vore av marmor og gull, og med billettprisen tripla. Men nei. Det er eit lokale meint for barna. Tru om han sakna eit slikt rom sjølv som gut? Nils fann desse verkstadene i fjæra, i skråningar med leiregrunn, og der handverkarar på Straumen heldt til i arbeid med båtar og treskjering. Da dei på Nils Aas Kunstverksted spurte om eg ville vere med som kurator for ei utstilling med kunstverk av Nils Aas, vart eg audmjuk. Eg blir det overfor dei eg har djup respekt for, som Nils Aas. Samtidig vart eg like fort klar på kva eg ville foreslå som fokus for utstillinga: barnet, og barndom.

Nokre menneske verkar å ha eit klårt livsprosjekt alt frå starten av. Nils Aas verka som ein slik, ein som hadde noko som måtte undersøkast så grundig at det tok eit heilt liv på begge sider. Da bør livet byrje alt frå starten av, om ein skal rekke over det. Ved første andedrag går den nyfødde rett inn i ein sanseeksplosjon. Tenk alt som strøymer inn av inntrykk i eit menneske som manglar erfaring og referansar. Eg vonar det var godt den dagen Nils tok sitt første spikketak. Da noko handfast aktiviserte seg i hendene. Eg ser han klart for meg med tre-emne og kvist i fanget alt som ein liten tass. Under heile sitt verke som kunstnar hadde Nils Aas eit spesielt blikk for dei som står lågast på stigen, politisk eller sosialt. Dei sårbare har han alltid løfta opp. Barna er ei slik sårbar gruppe. Nils såg dette. Berre sjå på Arvingen, Kongen, og på Tolv fortellingar – spesielt mai. Tidlegare leiar ved Nils Aas Kunstverksted, Robert Øfsti og Nils sjølv «snakka om han ein gong, han som berre fekk ein is, og som ingen ba med heim etter toget. Han som ikkje likte dagen da alle andre hadde fest. Og august – han og mora og lærarinna og læraren i vindauget». Nils Aas skildra det å stå i verda sett frå eit barns perspektiv. Som om han var det sjølv – ein liten og sårbar borgar. Og eg vil hevde, at det er ein av grunnane til at vi blir så gripe av Nils Aas sine verk.

Kven eig kunsten? Kven er kunsten til for? Er barnet ein del av dette svaret? Kunsten er ein viktig del av danninga vår. Og vi anerkjenner jo barna som samfunnsaktørar. Kunsten har ei viktig oppgåve i å problematisere, og det er det barn også gjer: heile oppveksten går ut på å gå inn i kontinuerlege og overlappande problemstillingar ettersom alt er nytt og må lærast. Så lenge ein veks og er i utvikling, som både barn og kunstnarar er, inneber det å måtte problematisere. Viss ikkje blir det friksjonslaust og utan substans. Kunsten må evne å ta opp spørsmål, og den må kunne spegle oss og vri på ting slik at vi byrjar reflektere. God kunst skal sette oss i gang. Og som barnet vil bli sett, ser også kunsten barnet. For kunsten ser alle.

Det er mange vegar inn til kunsten. Sjølv kjenner eg at eg opplever den sterkast når eg opplever den frå barnehøgd. Spørjande, nysgjerrig. Blank. Ikkje-intellektuell. Eg vil helst bli overraska og engasjert. Synsvinkelen legg eg gjerne lågt nede, peikande oppover. Undersøke fritt utan vaksenhjelp. Barnet er ein undervurdert oppdagar og tilskodar. Synd, for det har skarpare sansar enn nokon, det har nytt blikk og ferske spørsmål. Kunsthistorielæraren min, May Bente Bonnevie fortalte ein gong ei historie om det 2-årige barnebarnet sitt som registrerte at støvelen i gangen, den var prikk lik onkel Kåre. Og jo, da bestemora kika etter, så stemte det. Støvelen nærmast var onkel Kåre. Med eit barns blikk vart dette faktum oppdaga. Vi treng denne synsvinkelen, vi må ha stemmen til desse som ser tinga nede frå bakken. Vi treng froskeperspektivet vel så mykje som vi treng fugleperspektivet, om ikkje meir.

Nils Aas står for meg som ein unge som må ha sett godt. Ein slik som må ha forstått noko stort alt som liten. Han hugsa å ta med seg barneblikket sitt gjennom heile kunstkarrieren sin, til siste slutt, som ein Oskeladd, fordi han hadde instinktet som sa at han ville få god bruk for det. Alle store geni har hatt barneblikket sitt godt bevart, og brukt det. Berre tenk på Chaplin, Picasso, Lindgren! Noko som gjorde desse så store var at dei hadde med nysgjerrigheita og barneblikket sitt – og uttrykte at alle er store sjølv om dei er sårbare og små. «Barndommen er menneskets hårdeste tid» sa Knut Hamsun. Barn betyr «båren» og heng saman med verbet å bere (fram). Nils Aas var ein slik berar, samtidig som han bar med seg andre framover og opp gjennom det han formidla og det han stod for som kunstnar. Heile livet. For dei verkeleg gode kunstnarane har dei sårbare med på laget.

Til ei utstilling i Trøndelag kunstmuseum i 1987 deltok Nils Aas med eit sjakkbrett i stort format, der alle brikkene var grovt utskore i tre. Ei av desse brikkene, eller skulpturane, er eit av Nils Aas sine aller sterkaste kunstverk, og heiter Arvingen. Tidlegare gjekk denne under namnet Konge, men da den var med som frittståande verk under utstillinga Konger gjennom 1000 år i Sakshaug gamle kyrkje i 1997, stod den der på eiga hand – utan sjakkbrett, på eigen sokkel, tittelert som Arvingen. Skulpturen er ikkje stor, men den seier mykje om det å vere stor. Og liten. Under kongekrona sit ein mjukt forma liten gut, alt for liten for den store, tunge krona som ruvar over han. Kurator Robert Øfsti skreiv dette om Arvingen: «Det har vore barnekongar på den norske trona, men Arvingen er sjølvsagt ikkje eit forsøk på å portrettere ein av dei. Assosiasjonane kan gå i mange retningar, de er mange små som kan kjenne at dei er plassert i ein for stor stol, det er mange stolar som små kan fylle best. Kan Arvingen vere eit symbol på sjølve institusjonen arvekongedømmet?». Uansett – figuren gjer eit sterkt inntrykk med eit formuttrykk som er utført i grope materiale. Det er mykje psykologi i dette barneportrettet. Nils Aas har alltid skjønt viktigheita av kontrastar – å sette noko opp imot noko anna: Krona, som er altfor stor, den høge stolen, institusjonen, rammene. Her vil barnet kome til kort. Altfor kort. Skulpturen leikar med referansar og symbol, og det kan lesast så mange historier utifrå den, om ein er barn, vaksen, kjenner seg innanfor eller utanfor. Konteksten i verket kan lett assosierast til skole, 6-årsreform, Pisa-undersøkingar eller «generasjon prestasjon». Det ligg tung vekt på dette vesle individet, det er høgt å klatre og høgt å falle. Einsamheita og forventningspresset er meisterleg ytra frå ein kunstnar som verkeleg problematiserte.

«Alle barn er kunstnarar. Problemet er korleis halde seg som det seinare i oppveksten» skal Picasso ha uttalt. Med dette trur eg han meinte at kunsten alltid er avhengig av eit nytt blikk for å kunne få substans, noko særeige og ærleg ved seg som kunst må ha – for å vere kunst. Berre med nytt blikk kan kunsten bli nyskapande. Ein ser at dei store kunstnarane aldri sluttar problematisere. Ein ser at dei oppsøker motstand og vil trø opp nye stiar, og ikkje stagnere på den stien dei kjenner. Picasso søkte til naiv kunst, til naturfolks kunst og til barnekunsten. Mange vil hevde at barn ikkje lagar kunst. Fordi kunst kjem av «kunnen», og at barnet ikkje har rukke tileigne seg nok kunnskap og erfaring til å kunne lage kunst enno. Men mange kunstnarar prøver finne metodar for å kome i kontakt med barnet i seg, for å stille seg ufaglært til rette i jobben. Dei teiknar i blinde, eller med motsett hand for sjå med nytt blikk. Dei som jobbar med naivistisk kunst har jo barnet som sitt førebilete, sitt geni, for hos dei kjem fantasien og forteljinga i rekka før teknisk fullkommenskap. Henri Rousseau reknast som naivismens far, og kunstnarar som Paul Klee og Marc Chagall jobba også i naivistisk retning. Ein meir ekstrem tendens av naivismen fekk utløp i dadaismen. Desse nyskapande kunstnarane såg mot barnet, og så på dei som sanningssøkande, autentiske, ektefølte idol. Desse eigenskapane har bleikna hos ein vaksen. Dadaistane gjorde alt dei kunne for å oppnå ein slags nullstilt synsvinkel eller ståstad. Kanskje kan vi seie at dei prøvde oppnå ei «barnleg jording» for å kunne slette det livserfaringa og det intellektuelle hadde gjort med dei gjennom åra sitt løp.

Eg vart provosert da ein kjent stortingspolitikar brukte følgande formulering i samband med ein konflikt: «Det har omgjort norsk politikk til en barnehage.» Det var ikkje positivt meint. Eg delte det på sosiale medium og lata som eg ikkje forstod frekkheita: «(…) omgjort norsk politikk til ein barnehage? JA! Samhald, kreativitet, mangfald, samarbeid, leik, læring, glede, aking, ski, tur, kultur, kunst, med andre ord!?». Fleire storma til, mellom anna forfattarkollega Maria Parr. Ho skreiv: «(…) alle som har sett ein forgreten toåring med snørr og grus i ansiktet seie ”usyld” og gi klem til den som nettopp vart skubba og er like forgreten, dei veit korleis det skal gjerast. For neste dag skal dei halde hender igjen. Alle saman. Vi er mange som kunne lært litt av livet i barnehagen.»

Barn grev i jorda. Barn filosoferer langs gjerdet. Barn former i klissklass. Bygger tårn av kasser og klipper og former papirremser. Dei held på som Nils Aas, med andre ord. Dei held det gåande med å forme, bygge og løyse problemstillingar, i ein fulltidsjobb. Barnehagar er kraftsentrum. Dei er samfunn som består av verkstader og laboratorium. Dei er berre barn, seier vi. Barn. Inni oss har vi alle årringar som trea. Lag på lag ligg åra der, erfaringane. Men det er dei inste årringane som utgjer kjernen i stammen. Det er barndomen som er sjølve aksen, det som er inst i oss, som er sjølve skjelettet. Og utan skjelett kan vi som kjent ikkje halde oss oppe. Kanskje skal vi hugse på barnet i oss litt meir, og gi det det eit barn treng, heile livet. Viss ikkje trur eg ikkje vi blir særleg til vaksne.

Ekornklubben er namnet på eit tilbod for barn Nils Aas Kunstverksted har søndagar. Det er ein kunstklubb i Nils Aas rette ånd, her får elevane jobbe i alle materiale og teknikkar. Dei tek ofte utgangspunkt i Nils Aas sine kunstverk, som står tett på dei mens dei jobbar. Ein kan merke at det gir effekt. Nils er «i veggane». Barna får med seg ein bit av han, det er ikkje nokon tvil om det. Og på tur heim gjennom Muustrøparken får dei han også med seg. I tre. I bronse. I jern og aluminium. Elgen, fotballguten, mora – og ekornet som dei nettopp har vore på klubb med. Det er godt å sjå at Nils Aas har fått det som han ville på Straumen. Han ville leike med barna, og la barna leike med seg, med tre-emnet, tommestokken, blyanten og ståltråden. Og det får dei. Dei kallar han mest Nils no. Eg trur barna kjenner det, når dei står inntil kunsten hans – på verkstaden eller i parken eller ved Haakon 7. på Victoria terrasse i Oslo: At den har kraft, og at den er på lag med dei. For Nils hadde alltid ei audmjuk innstilling, og såg alltid med nytt blikk – som eit barn.

Kari Stai, 28. mai 2019