Fermentert, eg?

Eg var nyleg på eit kostholds-foredrag. Eg skulle eigentleg ikkje dit, men eg var der. Eg skulle eigentleg ikkje dit, men så kunne det jo hende eg kunne plukke opp eit magisk trylleord for å ta av nokre lag med bukfeitt. Det kunne jo hende at det berre var å kutte ut eitt einaste magisk element som eg uansett ikkje ville sakne?

Da eg gjekk der i frå, surra det langt meir knugande tankar i hovudet – om eg brydde meg om barna mine, da. Og det gjer eg jo. Og korleis kunne eg gå dit nokre timar før og berre bry meg om mitt eige bukfeitt?

Foredragshaldaren var god, det var ikkje det. Ho var så god, at eg snakka høl i hovudet på kallen min da eg kom heim, og til han sovna i senga – mens eg framleis messa i veg om bakteriefamiliar og korleis vi må få gjort noko med alle dei bakteriane vi høgst truleg manglar, og øydelegg barna våre med å mangle, for om vi verkeleg bryr oss om barna våre, Henning, ja da må vi få fylt opp med meir fermentert kost og om vi ikkje får det til, så lurar vi det inn på den eller den måten, og så må vi til Sverige å skaffe salt, for svensk salt har mykje høgare jod-innhald, ja det norske saltet har ikkje det jod-innhaldet salt skal ha, og om bryr oss om barna våre, da rekk vi oss kanskje til Sverige før jul – ja for dette er faktisk eit spørsmål om å prioritere, og barna våre er da vel viktigare enn alt?

Foredragshaldaren hadde skyhøg kunnskap og eit vinnande vesen. Eg kjente eg satt der som i eit vekkelsesmøte. Eg kjente meg vekt, men også heilt utmatta av alt eg no måtte få til framover – om eg bryr meg om barna mine, og det gjer eg jo. Middagen (Toros tomatsuppe) låg framleis lun og full av fortykningsmiddel nedst i magesekken der eg satt og visste at den same suppa låg i mine to barns magesekkar – med store mengder makaroni fri for fullkorn – til lyden av foredragshaldarens topp velformulerte argumentasjon om næringsinnhald, og kosthaldets direkte innverknad på depresjon, leddgikt og fare for tarm-kreft. Men eg høyrde jo at ho hadde så rett. Og ettersom ho hadde redda fleire barn frå overvekt og konsentrasjonsvanskar med sine «enkle grep» gjekk ein jo ikkje heim direkte høg i hatten. Eg gjekk med hovudet bøygd i skam over tomatsupa som no romstererte i tarmsystema til barna mine og innverka på deira fysiske og mentale framtid.

Dagen etter skulle eg bøte for skaden: investere i helse, tarmbakteriar og immunforsvar. Vaflar, ungar? Det blei jubel. Eg sa ikkje at vaflane ville bli sunne. Banning og sverting frå kjøkkenet vart resultatet –  vaffelrøra si samansetning var ikkje heilt i dialog med vaffeljarnet, for å seie det slik. Eg erfarte nok ein gong at ein ikkje kan kome seg forbi den kvite djevelen: Kveitemjølet. Vaffeljarnet kjøpte ikkje havregraut som erstatning for denne verstingen i moderne tid. Kulturmjølk-lukta låg like sur i rommet som eg var, men vaflar blei til lappar, som er nesten like populært.

Men, uansett om eg hadde klart å nå opp til foredragshaldaren sin standard, låg det framleis eit uspurt spørsmål der (som eg fryktar svaret på): Må alle desse ingrediensane i tillegg vere økologiske?

«Du er god nok som du er» er eitt av dei mange gode omgrepa som svirrar rundt oss i lufta. I stressets høgalder har slike typar omgrep kome inn i ordforrådet vårt. Det er bra. Men trur vi eigentleg på dei? Lever vi etter dei? Sjukmeldingar, utbrentheit, utmattingssyndrom, panisk fingerføring over mobilskjermen – leitande etter råd og hjelp for små og store ting: antioksidantar, Nord-Korea, naglebit-middel, Jemen, stiv nakke, Jod-tablettar, glykemisk indeks. Eg er ikkje åleine om å kjenne på høge krav. Nesten alle desse krava er usagte. Men vi kjenner dei, dei sit som kleggar på oss. Kor kjem dei ifrå? Vi lever i eit samfunn som er døgnopent. Ferske forskingsrapportar når inn til oss 24 timar i døgnet. Fordi vi oppsøker dei. Vi klikkar på dei, let dei ta vegen inn i oss, og vi deler. Eller, det heiter forresten ikkje problem lenger. No heiter det jo utfordring.

Vi skal vel nesten vere glade for alle utfordringar vi kan få, for med dei kan vi vekse og kome oss utanfor komfortsona. Det er der det skjer for tida. Den er det veldig populært å gå utanfor, det er på utsida av ho vi skal finne eit gullkanta liv. Det er i tida å gjere ting vi ikkje kan, ikkje har gjort før. Er det ikkje lenger bra nok å vere bra nok på innsida av sona vår?

Vi lever i ei tid, der vi brukar opp tida vår på å ikkje kome i gang med å bruke ho.

Vi observerer meir og meir samfunnet indirekte sett gjennom eit digitale filter. Og kva er filteret si oppgåve? Det er jo å ta bort noko. Og kva tek det som regel bort? Det som ikkje er «bra nok», slik at berre det som er «bra nok» står at. Men … det er jo berre «bra nok» vi skal vere? Så kva er det som er problemet? Blir også «bra nok» eit for høgt krav til mange? Ja, det trur eg.

Vi prøver å formidle til barna våre, at dei skal sleppe å prestere på eit nivå som inneber stress og press. Vi seier: «berre gjer ditt beste». Smak litt på den.

Da er det godt å vite at det er lettvint å gjere ting rett. Det seier nemleg alle ekspertar peikefingeren min leitar seg fram til over skjermen. Alle eg goglar for å få gode råd hos, enten det er for fotvorter, rik vaniljekrem eller pensjonssparing, seier det er svimlande enkelt – og berre å følgje den enkle bruksanvisninga. Det er godt å vite når ein står der med klubba godt planta i handa og eit hovud klart for å ta ho i mot.

I gamle dagar vart krumkakene vurdert av dei som åt dei, no gjeld det å vise dei fram på SoMe.

Vi har mista langsynet, sa optikaren min. Å, korfor? Nei, vi brukar det ikkje lenger, sa han.