Sju slag

Kronikk i Trønderavisa, desember 2013.

Stressa? Har du mange slag i boks? Og korleis er du sjølv i slag like før jul? Og kva slags slag var desse sju igjen, tru. Her er mine forslag:

Slag ein: Utreinsking.

Eig du meir enn sju ting, eig tinga deg. Tidspunktet for å la seg inspirere av Piet Heins filosofi på kan ikkje vere betre enn i julestrida. Det er eit godt tidspunkt å dele på overfloda. Ein vinn-vinn-situasjon. Eg har til dømes framleis 38 skjerf og 5-åringen har frustrerande mykje Lego. Ettersom 5-åringen ønskjer seg ny Lego til jul, må noko bort. Eller så må vi ha større hus. Mange andre har ikkje 38 skjerf og frustrerande mykje Lego. Reinsk ut mens du høyrer på Bugge Wesseltofts juleplate It´s snowing on my piano og kjør posane til ditt nærmaste gjenbrukstorg. Eller kontakt Røde Kors eller andre hjelpeorganisasjonar. Den største gleda du kan ha, det er å gjere andre glad.

Slag to: Stress ned.

Mange blir sjuke i jula. Når høgtida endeleg kjem, går mange mødrer og fedrar i bakken. Kor kult er det for venene og barna deira? Det gjeld nok å finne sin måte å stresse ned på. Alle er forskjellige. Men ein ting trur eg dei fleste av oss kan vurdere: Senke krava. Nappe glitteret av glansbiletet vi har av god gammaldags jul og frå julereklamen. Vi lever ikkje i gamledagar lenger. Vi lever no. Eg fekk det til i fjor faktisk. Eg bakte eitt slag. Sjakkbrikker. Resten fekk eller kjøpte eg kortreist. Den fjerde, femte, sjette og sjuande sorten vart mandlar, klementinar, potetgull og Anthon Bergs marsipanbrød. Nokon sikra meg om at eg var eit godt nok menneske for det. Det beste er det godes fiende.

Slag tre: Julegåva til deg sjølv.

Alle dei andre har du sikkert på gåvelista. Men har du deg sjølv der? Du fortener ei gåve frå deg sjølv. Vi gløymer ofte å vere ein god venn av oss sjølv. Det er ikkje lurt. Tida vi lever i krev mykje av oss alle. Av dei aller minste, av ungdommane, av oss vaksne og av dei eldste. Bli med på eit tankeeksperiment. Kva med å vere din eigen bestevenn. Kva hadde skjedd da? Ville du sagt: Å, du kan ingenting. Å, du er så dårleg til å bake. Å, du bryr deg ikkje. Nei, slikt seier ein berre ikkje til bestevener. Til meg – Frå meg. Lurar på kva eg får i år. Elsk deg sjølv som din neste.

Slag fire: Deilig er jorden.

Høgtider handlar om verdiar større enn dei oppsparte Coop-poenga. I jula feirar vi at Jesus-barnet vart fødd. Når vi står med tårer i auga under allsong av Deilig er jorden betyr det at det rører i djupe samhaldverdiar. Eg trur vi kjenner på at vi er éin stor flokk da, ein flokk som alle i verda, på tvers av landegrenser og kulturgrupper er ein eksakt like viktig del av. Per Fuggeli snakkar om viktigheita av flokken, i ulike former. Verdsflokken er vi i når vi syng Deilig er jorden. Og om julas hovudperson har Fuggeli sagt: «Hele hans budskap, hele hans misjon, hele hans liv handlet om å skape rettferdighet. Det handlet om å gi verdighet, trygghet og frihet til de som satt nederst». Størst av alt er kjærleiken.

Slag fem: Tenn lys.

Berre hugs å slokke dei før du legg deg. Året er på sitt aller mørkaste. Ti prosent av Noregs befolkning slit med vinterdepresjon, eller sesongavhengig affektiv liding som er ein type depresjon som spesielt opptrer i mørketida. Å tenne lys er ei handling som gir håp, det er noko fint med å sitte samla rundt ein blafrande flamme. Eit samlingspunkt som ikkje kostar mange kroner. Mange symbol kan knytast til denne flammen. I jula må ein ha nok stearinlys. Eg veddar på at Hypermarknaden har gode tilbod. Lys og varme.

Slag seks: Julebrus.

Eg likar ikkje julebrus. Men det er umulig å ikkje kome inn på temaet alkohol. Vi må slutte å vere så redde for ikkje å ha «kvoten» til jul. Og vi må slutte å vere så redde for å problematisere over temaet alkohol. Eg veddar på at absolutt alle i edru tilstand er samde om at det er smerteleg vondt å høre historiene om barn som gruver seg til jul fordi mamma eller pappa ikkje liknar seg sjølv, blir framande eller voldelege. Det viktigaste du og eg kan gjere for at jula skal bli god for andre er å tenke gjennom kor grensene våre skal vere i forhold til alkohol. Om ein kjenner at dette er ei sak ein ikkje heilt rår over sjølv, gi barna den beste julegåva på førehand: Ta deg sjølv med til eit hjelpeapparat! Og gi deg sjølv ein varm klem – og ta i mot ein frå meg. Det er tabubelagt dette, men det er fleire i den båten. Sett sjøbein.

Slag sju: Love Actually.

Sentimentalt og klissete, men denne film-karamellen er god. Som med Deilig er jorden går også denne filmen beint forbi min analytiske hjerne og rett ned i hjarterota. Her skildrast mange former for kjærleik og lengt, og bekreftar at alle er like og ulike på same tid. Men vi er også éin flokk. Vi vil alle både gi og ha det beste til jul, vi lengtar etter nokon som kanskje ikkje er der lenger, vi saknar nokon som er borte. Vi kavar og vi fightar på kvar våre område, men til jul vil vi ha den gode salige freden senka ned over nakkemuskelknutane. Love Actually er full av humor og alvor. Filmen er salt, søt og syrlig underhaldning og viser at alle har ei skramme i lakken, men det blir jul likevel – uansett. Nyt din karamell.

Kva er dine sju slag? Ikkje gløym smør og sukker. GOD JUL!