I samband med 100-årsjubileet for kvinnelig stemmerett i Noreg i 2013, skreiv eg dette kåseriet til ei markering på Stiklestad Nasjonale Kultursenter.
I åra før 1913 hadde ikkje norske kvinner rett til å bruke stemma si. Det må ha vore veldig stille. Kunne ein verkeleg ikkje høre dei før da? Er dette noko av forklaringa på at kvinner i dag er så innmari taletrengte?
Som lita trudde eg at menneska fekk utdelt ein bestemt kvote ord for livet. Da gjeldt det å vere økonomisk med orda, og spare dei til ein verkeleg trong dei. Så det var sikkert kvinnene frå 1913 som fann opp det kjente omgrepet «Taushet er tull».
Det er mange måtar å bruke ei stemme på. Spesielt den kvinnelege. Den har mykje kvalitet og kvantitet på same tid. Den eignar seg også godt til å fylle all pinleg stillheit med. Nokre meiner likevel at det kan bli for mykje kvinneleg stemme. Det kan ha vore derfor den ikkje fekk blande seg med den mannelege stemma før 1913. Og det er kanskje ikkje tilfeldig at orda «kvinner» og «kviner» liknar. Eller? Eg berre spør. For det er jo lov å spørje. Det sa i allfall lærarane mine, før dei hadde hatt meg ei stund.
Det stod ikkje veldig godt til med min kunnskap om dei fire kvinnene som fiksa kvinneleg stemmerett. Det er eg ikkje stolt over. Sånn stod det til – her er kortversjonen (og det finst berre ein kortversjon): Camilla Collett, noko med Wergeland å gjere, noveller, ein amtmann og nokre døtre og så ein hundrelapp. Gina Krogh, diger og tung hatt, nok eit godt bevis på sterk ryggrad. Så var det ho frå Gjævran Gard på Egge, oldemora til ei venninne av meg – Fredrikke Marie Quam, ho med saniteten. Og så var det ho fjerde. Ja, kven var no ho fjerde?
Eg er ikkje stolt. Eg fortener nesten ikkje stemmerett. Og aller minst kvinneleg stemmerett. Eg tek både stemmerett og kvinner for gitt, og eg tek kvinneleg statsminister for gitt. Eg tek kvinneleg intuisjon heilt for gitt, og kvinnelege hormon. Og kvinnelege syklusar og kvinnelege syklubbar, som ikkje lenger syr (men heller snakkar om viktige ting, som for eksempel korfor dei ikkje syr i syklubbar lenger). Slike kvinnelege stemmer har ei stor evne til å blande seg med mange andre kvinnelege stemmer på ein gong. Jo fleire, jo betre. Da heiter det samtale.
Eg lurer på korleis dei fire kvinnene fiksa kvinneleg stemmerett utan å kunne twitre eller blogge. Korleis gjekk det an å fikse noko som helst utan sosiale medium? Utan Facebook?! Skypa må dei vel ha gjort, for dei levde jo verken på same plass eller til same tid? Jo, skypa må dei definitivt ha gjort for å klare å finne ut om denne stemmeretten, og for å bli einige om at den skulle vere akkurat kvinneleg.
Tenk at det måtte heile fire kvinner til for å lage kvinneleg stemmerett. Det seier jo litt om kor hjelpelause kvinner er – tenk, fire stykk – for «å skru i ei lyspære», liksom. Men det var kanskje ikkje så mange kvinner heller på denne tida, når eg tenker meg om. På maleriet frå Eidsvoll-forsamlinga i 1814 er det iallfall ingen.
Det var sikkert mannen som fann opp kvinna og, som alt anna. Dei fann vel opp kvinna når dei trong ho til noko. Det er iallfall berre dumt å måtte lagre ting før ein verkeleg treng det, for det kjem moms og sånt oppå.
Men internett, det kan det tenkast at det var kvinna som fann opp. Ho har iallfall ein heilt eigen sans for å kringkaste informasjon, og er god på å sørgje for at alle andre blir opplyst. «Som eld i tørt hvetebrød» er det noko som heiter. Kvinnelege stemmer kan ein absolutt seie det om. Jo, det må ha stått ei kvinne bak internett.
Hundre år med kvinneleg stemmerett. Kan det bety at det før 1913 var kvinneleg stemmefeil? I dag har vi kome så langt at vi anerkjenner det å ta feil. Ja, det har til og med vorte ein styrke. Ekstra sterk er ein om ein både tek feil, og innrømmer det høgt og tydeleg etterpå. Det er faktisk veldig menneskeleg, ja, både kvinneleg menneskeleg og mannlig menneskeleg å ta feil. Så var det ikkje derfor ganske umoderne å innføre kvinneleg stemmerett i 1913, sånn heilt plutselig?
Ja, ja. Heldige, privilegerte meg. Som slepp å vaske raude sokkar som berre smittar av i vask. Det er utfordrande nok berre det å vere kvinne faktisk, om ein ikkje må vaske raude sokkar i tillegg. Vegen er klarert, kvinna kan stemme i med den stemmen ho har, uansett kor ustemt den er. Ho kan no velje farge sjølv – og stemme raudt eller blått eller gult eller rosa eller blankt som ho vil. Og om ho ikkje klarer å bestemme seg, så kan ho jo berre velje forskjellig farge for kvar gong ho skal stemme. Det er jo nærmast eit luksusproblem – tenk kor mykje det er å velje i vår tid. Det er sanneleg ikkje enkelt. Nei, det må ha vore enklare å vere kvinne før 1913, som ho ikkje hadde så mykje val.
Eg har alltid visst at kvinner slett ikkje er så verst. Eg vaks opp med fleire kvinnelege heltar. Ei av dei dansa på bordet med skorne på og hadde både apekatt og hest i stua og ho droppa ut av skolen før ho hadde byrja, og ho hadde ein sokk av kvar fot og flettene hennar stod rett ut. Ei anna slapp unna med å toppe alle matrettar likeins kvar gong med akkurat den same urteplanten på tv. Og ei tredje ytra seg om at livet byrjar først når du har runda beskjedne sekstiseks år. Ting tek tid. Også det å bli kvinneleg. Kvinneleg stemmerett tek ekstra lang tid. Hundre år, minst.
Kvinnelege stemmer har stor smitteeffekt, akkurat som raude sokkar. Det må vere noko i det eg sa i starten, det med at kvinnelege stemmer som hadde ligge brakk i alle åra før 1913 – dei må jo ha hatt ei enorm oppdemt kraft. Litt som når korka er ute av sjampanjeflaska og spruten står i taket, litt sånn må effekten av kvinneleg stemmerett ha vore.
For dei snakkar jo mykje enno, hundre år etter. Det er det eg ikkje heilt forstår. Dei vart ikkje akkurat rolege av å få kvinneleg stemmerett. Og om det er slik at kvinner har kome i posisjon, korfor er dei framleis så sinte? Tenker dei å krevje enno meir? Kva blir det neste? Lik løn for likt arbeid og at kvinner i andre land også plutseleg skal ha meir kvinneleg stemmerett? Jo, mykje vil ha meir.
I Sveits slapp kvinner å bruke stemma sin heilt fram til 1971 og i Portugal slapp dei det fram til 1976 og da var eg 2 år. I Saudi-Arabia slepp dei stadig unna kvinneleg stemmerett. Kvinnene i Saudi-Arabia slepp også å kjøre åleine i bilen, dei slepp å vere utan mannlege stemmer rundt seg. Dei slepp å gå på jobb, og dei slepp å tenke på kva dei skal ha på seg. Dei slepp å irritere seg over at håret ikkje ligg fint ein dag. Men i 2015 er det visst slutt, for da kjem det kvinneleg stemmerett dit og. Men inntil da er det som amerikansk politi seier på film: You’ve got the right to remain silent.
Kjønnskvotering er ei artig oppfinning. Det er ein slags rettferdig måte å jukse på. Kjønnskvotering er det same som at menn skal kunne få tilgang til reinhaldsjobbar og mammaperm (og trur du ikkje dei tillet seg å kalle det pappaperm) og for at kvinner skal få vere med i mannskor. Utan kjønnskvotering er dette verre å få til.
Jenter må uansett lære seg å danse gut fordi det ikkje er så mange gutar som tørr å gå på dansekurs. Det er jo ikkje noko galt med det, bortsett frå at eg alltid får høyre at eg fører og ikkje har evne til å la meg leie. Det høyrde eg for første gong under brudevalsen i mitt eige bryllaup, og da var det jo for seint.
Hugs miniskjørt-regelen, sa mannen min mens eg satt og skreiv dette. Kva er det for ein regel, spurte eg. Jo, det du skriv skal vere langt nok til å dekke det som må dekkast, og kort nok til å gjere det interessant. Så bra, tenkte eg, at han brukar eit bilete han sjølv forstår. Kvinna er heldig som får lære av mannen. Han fann tross alt opp stemmeretten sin lenge før henne.
Tru kor lenge kvinna skal fortsette med denne kvinnelege stemmeretten. For hundre år, det skal ho kanskje vere fornøgd med. Men siste ord med kvinneleg stemme er neppe sagt. No kom eg forresten på ho fjerde: Fernanda Nissen, sosialist som engasjerte seg i arbeiderkvinners sak. Ho skal også ha hevda at det berre er to ting i verda: Kjærleik og arbeid.
Ja, og så stemmerett, da. Og retten til å bestemme. Ein kan bli oppstemt av mindre.
Gratulerer med 100-årsdagen!