Nye arbeid

forskerforum

nav

jolver

Aktuelt

18.03.10
ÅRETS VAKRESTE BØKER. Kari Stai har i år deltatt i juryen for Årets Vakreste Bøker som er eit årlig arrangement i regi av Grafill. Prisane blir delt ut i Nasjonalbiblioteket 18. mars.

15.03.10
IBBY HONOUR LIST 2010. Kari Stai står på IBBY Honour List 2010 (The International Board on Books for Young People) for illustrasjonane til Jakob og Neikob. Annakvart år blir ein forfatter, ein illustratør og ein oversettar frå kvart land nominert til denne lista.

01.02.10
AMG-SERTIFISERT. Kari Stai er no autorisert medlem av Grafill.

10.01.10
DANMARK OG TYSKLAND. Jakob og Neikob er no seld til Danmark og Tyskland.

04.01.10
PÅ UTLÅNSTOPPEN. Jakob og Neikob var nest mest utlånt av alle bøker frå Stavanger bibliotek i 2009.

03.11.09
TALLINN ILLUSTRATIONS TRIENNIAL No3. Kari Stai er blant fem biletbokskaparar som representerer Norge i Tallinn Illustrations Triennial. Utstillinga varer frå 3. til 30. november.

10.10.09
SØLVKOFFERTEN-VINNAR. Jakob og Neikob er kåra til den beste biletboka i Sølvkofferten. Barn i Lørenskog har vurdert et utvalg nyare norske bildebøker, og har bestemt at Jakob og Neikob er best!

05.10.09
LES FOR MEG, PAPPA! Som en del av prosjektet Les for meg, pappa! har Foreningen !les laga ein antologi med utvalgte tekstar for høgtlesing til barn og for foreldra, primært fars, eigne leseopplevingar. Utdrag frå Jakob og Neikob er med i antologien.

01.10.09
UTSTILLING av Jakob og Neikob i Porsgrunn Bibliotek
1. oktober til 26. november.

19.07.09
FLYTTING. Kari Stai flyttar til Trøndelag i august. Der held ho fram verksemda si, med kundar i tidsskrift, magasin, byrå og forlag. Ho er å nå på e-post post@karistai.no og telefon 990 111 63.
Ein stor takk til kollegaene i Patron for det gode laget gjennom fire år.

01.07.09
VINDUET. Vinduet no2 har den norske barneboka som tema. Dei ønska seg ein framsideillustrasjon med eit møte mellom lille larven Aldrimett og Jakob og Neikob. Dette i samband med at Eric Carles klassikar er 40 år i år.

01.06.09
ÅRETS BOK. Jakob og Neikob er stemt fram av 295 lesande skoleklassar i Stavanger, til "Årets Bok 2008". Samlaget står bak både 1. og 2. plassen.

20.03.09
DEBUTANTPRIS FRÅ GISKE. Kari mottok Debutantprisen under Kultur- og kirkedepartementets premiering av barne- og ungdomslitteratur 2008. Prisen fekk ho for biletboka Jakob og Neikob, utgitt på Samlaget.